Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Legekontor

Velkomen til Tokke legekontor

Ved øyeblikkeleg hjelp - ring 113 

Nasjonalt legevaktsnummer: 116 117 (døgnope)

Vi er eit legekontor med tre fastlegar, ein LIS 1 (turnuslege), fire faste hjelpepersonell og avd.leiar. Vi har i tillegg sjukepleiar kvar onsdag som fylgjer opp diabetespasientar, og kreftkoordinator kvar måndag. Journalsystemet vårt er heilintegrert med Helsenorge.no. Vi ynskjer helst at du kontaktar oss elektronisk via knappane under, eller direkte via Helsenorge.no. Dersom du ikkje klarar å be om hjelp via meldingssystemet, så kan du ringe på telefon: 

35 07 55 60

Vi har framleis time på dagen, som betyr at du får tilbakemelding om time den morgonen du ber om time, dersom legen har ledig kapasitet. Legen kan setje opp kontrolltimar på førehand. Desse timane er på morgonen. Hjå alle fastlegane er det no opna opp for enkelte timar til sjølvbooking. Finn du ingen time for sjølvbooking- gå til "Kontakt legekontoret" og send melding om timeynskje der. Vi vil be om at du skriv kva du ynskjer time til for at vi skal kunne gjere gode prioriteringar.

Lars Håvard Eriksen har også starta å ta i bruk E-konsultasjon. Ved E-konsultasjon betalar du ein vanleg konsultasjonstakst. Ein sender ei skriftleg melding ved å svare på ein del spørsmål, og i løpet av 5 dagar vil ein få eit skriftleg svar tilbake frå fastlegen.

Tokke legekontor kan ikkje tilby offshore-attestar.

Besøk/kontakt:
Revahaugvegen 4:
3880 Dalen
Tlf.:  35 07 55 60
Fax: 35 07 75 28

Opningstider:
Måndag - Fredag:
08.00 - 15.30

Telefontider:
09.00 - 11.00
13.00 - 15.00