Influensavaksinering
Dropp inn torsdag 08.12.22 kl 09-11.30 på Tokke kulturhus.
Influensavaksina er tilrådd for:
- Alle over 65 år
- Gravide i 2. og 3. trimester og gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko.
- Premature born mellom 6 mnd. og 5 år
- Born og vaksne med:
- Kronisk lungesjukdom (inkl. astma)
- Hjarte- og karsjukdom (utanom velregulert høgt blodtrykk)
- Diabetes type 1 og 2
- Leversvikt eller nyresvikt
- Kronisk nevrologisk sjukdom
- Nedsett immunforsvar
- Alvorleg fedme (KMI over 40)
- Andre alvorlege sjukdommar der influensa vil vere ein alvorleg helserisiko
- Personar som bur saman med immunsupprimerte
- Helsepersonell og andre tilsette med nær pasientkontakt
- Svinerøktarar
Sjølv om ein ikkje er i ei av dei tilrådde gruppene, kan ein møte opp for å få influensavaksine.
Influensavaksinering kostar kr. 200,-.