Senteret sitt bannerbilde
Viktig informasjon om Koronaviruset

Praktiske opplysingar

LEGETIME:

Legetimen varar vanlegvis i 20 minutt. Det er i hovudsak ei problemstilling pr legetime.
Fastlegen har også ansvar for øyeblikkelig hjelp på dagtid, det kan føre til forseinking.
Viss fastlegen ikkje er til stades, kan ein få time hjå ein vikarlege eller turnuslegen (LIS 1).

 

TELEFONKONTAKT MED LEGEN:

Det er ikkje avsett tid til telefonkontakt med legen.

 

SKADESTOGE:

På skadestoga vert det utført sårskift, injeksjonar, øyreskylling, fjerning av sting, EKG, blodtrykksmåling, spirometri m.m

Det må bestillast time for avtale på skadestoga 

 

LABORATORIUM:

På laben er det ikkje timebestilling. Blodprøvar må avtalast med lege på førehand. Dei fleste labprøver vert sendt til sjukehuset for analyse. Enkelte prøvar vert analyserte her.

 

SJUKEMELDING, HENVISNING O.A:

Du må ha legetime for å få sjukemelding, henvisning o.a, viss ikkje anna er avtalt med legen.

 

RESEPTAR:

Reseptar vert sendt elektronisk og kan hentast ut ved alle apotek i landet. Dersom du vil ha medisinene dine tilsendt, må du kontakte Kviteseid Apotek, tlf 35068880

 

FRIKORT:

Du må seie frå i resepsjonen når du har fått frikort. Frikortet dekkjer legekonsultasjonar og dei fleste laboratorietenester. Du må betale for t.d materiell og medisiner.

 

BYTTE FASTLEGE:

Du kan bytte fastlege to gonger i året. Du kan sjå ledig kapasitet og bytte fastlege på nettsida til helsenorge eller ringe fastlegetelefonen 800 43 573