Hopp til hovedinnhold
Senteret sitt bannerbilde

Tokke Legekontor

Viktig informasjon frå Tokke legekontor!

Journalsystemet vi har er heilintegrert med helsenorge.

Ikkje nytt deg av tenesta via helsenorge.no ved øyeblikkeleg hjelp; då ringer du 116 117 eller 113.

For å bestille time, fornye resept eller ved andre spørsmål:

Logg deg inn på https://www.helsenorge.no/ via app eller nettside.

Gå vidare til Helsenorge forside.

Du får 2 val:

Fornye resept  eller

Kontakt legekontoret.

 

Kontakt legekontoret:

Bruk denne linken dersom du vil bestille time.

Sjekk nettsida til Tokke legekontor (denne sida) og sjå når din fastlege har ledig tid. Skriv inn timeynskje og skriv kva det gjeld. Meldinga må vere sendt før kl 08.00 for evt. å få time same dag. Gå vidare. Send bestilling. Svar kjem på sms.

Her skriv du melding til legekontoret også om andre ting du ynskjer svar på. 

 

Fornye resept: Her ber du om fornying av reseptar.

Du kan betale for legetimen via mobilbetaling, Vipps eller faktura. Betalar du innan 48 timar, slepp du gebyr på kr 70,-. Viss du ikkje har mobil med denne funksjonen, kan du be om faktura per post utan gebyr.

Du kan og betale med kort i resepsjonen.

Viss du ikkje klarar å be om hjelp via meldingssystemet vårt, så ringjer du oss på telefon 35075560

Tokke legekontor kan ikkje tilby offshore-attest

 

OBS! Me har fremdeles time på dagen:

Dvs du får melding om time den morgonen du ber om time, så sant legen din er her og har kapasitet.

Legen kan sette opp kontrolltimar på førehand, desse timane er på morgonen.



Aktuelt

17. mars 2023

Ledige pasienttimar i veke 12

Lars Håvard Eriksen har ledige timar onsdag, torsdag og fredag 

Dordi Elise Flom har ledige timar måndag, tysdag, onsdag og torsdag

Arne Johannesen har ledige timar måndag  

Visitt onsdag

Marco Rossi har ledige timar onsdag, torsdag og fredag

Ny LIS 1- Aurora Torres har ledige timar måndag, tysdag, torsdag og fredag

 

Gunnar Grøstad Johnson er i permisjon til 01.05.23

 

Influensa- og koronavaksinering

Ta kontakt med Tokke legekontor viss du ynskjer vaksine.

Influensavaksinering kostar kr. 200,-.

Koronavaksinering er gratis.

Informasjon om når ein fekk sist vaksine finn ein på helsenorge.no.

 

Influensavaksine - FHI

Koronavaksinasjonsprogrammet - FHI